|
|
Velkommen til Nore Neset skulekorps!
|
|
Nore Neset skulekorps er eit janitsjarkorps som vart stifta i 1968 og har i dag ca. 30 medlemmar. Korpset består av ei aspirantgruppa, ei juniorgruppe og eit hovudkorps. Me øver på Nore Neset barneskule kvar tysdag frå kl. 18.00-20.00. I tillegg til øvingar har me kjekke aktivitetar gjennom heile året der vi deltek på ulike arrangement, har basar, konsertar og reiser på somartur. Å spele i skulekorps er lærerikt, kjekt og veldig sosialt. Me ønsker alle born og ungdom i krinsen velkomen til å bli med oss:)
|
|
|